Indie-samarbeid

I samband med det nasjonale bokåret 2019 er vi nokre forfattarar som har slått oss saman om å formidle bøkene våre.

Fellesnemnaren vår er at vi skriv bøker for barn på nynorsk. Som indie-forfattarar er vi ikkje alltid like synlege i det store bok-universet. Vi manglar ofte det store marknadsføringsapparatet dei større forlaga rår over. Men om vi er små når det gjeld å vise slike musklar, er vi like glade i litteraturen - og vil gjerne formidle den for dei vi skriv for.

Foto: Jon Henriksen
Foto: Jon Henriksen

Vi har alle laga formidlingsopplegg for bøkene våre, utover det å lese frå boka, t.d. med utstilling, bilde, aktivitetar, musikk, osb. Vi kan formidle ei eller fleire av bøkene på same arrangement, alt etter kva slags arena og institusjon vi samarbeider med.

Bøkene våre har ulike målgrupper, og ulike tema.

Vi er fleksible, og opne for forslag! Ta gjerne kontakt med oss!

Under kan du lese litt om dei ulike bøkene.


«Bjørnen Tor gjer ein dagsferie» av Lin-Marita Sandvik

Dette er ei av sju bøker i serien om Bjørnen Tor. Han er ein songglad bamse som likar å prøve nye ting. I denne boka vil han prøve om det går an å gjere alt som ein syng om i «Ferie-rapp» - på berre ein dag. Denne rappen er om alt som teddybjørnar likar å gjere når dei har ferie: Dra på tur, vere på landet, vere i byen, fiske, ete is og mykje anna.

Han og mennesket bur nær skog og sjø, ikkje så langt unna Ålesund. Dei har bil og dei har fiskestong, men har dei tid nok til å gjere ein heil ferie på ein dag?

www.bjornentor.no/ 


«Birgers odyssé»av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein - og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen....

Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

www.olla.no   


«Trolla frå Trollstad» av Gro Marita Stennes Valdal

I denne boka blir vi kjend med tvillingbrørne Tittføtt og Tausafut som bur på Trollstad. Dette samfunnet av huldretroll ligg langt ute i skogen og dei som bur her er alle opptatt av samhald, familie og det å leve i pakt med og av naturen rundt heimen sin.

Dei litt rampete småtrolla hamnar ofte i trøbbel. I denne boka får vi høyre om då Tittføtt og Tausafut skulle på fisketur ned til den store elva, og at det ikkje alltid går slik ein har tenkt.

www.trollbinding.no 


«Sofia og Trollet» av Sten Bjørnar Lamo og Elin Helland Johansen

«Sofia og Trollet» er eventyret om Sofia som må redde prinsessebamsen frå det store trollet i Aurdalsnibba i Sykkylven. Ei biletbok som egnar seg like godt til høgtlesing på sengekanten som å bla i sjølv. Barna kan lett sjå kva som skjer på kvar side, slik at dei kan gjenfortelje sjølve. Historia er dikta på sengekanten over fleire kveldar, og er eit resultat av både far og dotter sine bidrag. Det er ei enkel, men samstundes spanande historie. 

Passar best for barn i alderen 2-5, men kan fint lesast av eldre barn som lærer å lese sjølve.

www.knasteriet.no