Forlaget

Eit berekraftig mikroforlag

Knasteriet er eit mikroforlag (også kalt indieforlag eller uavhengig forlag) etablert av Elin H. Johansen, med "hovudkontor" (einaste kontor) på Giske, utanfor Ålesund på Sunnmøre. 

Knasteriet vil gje ut eit breitt spekter av bøker for barn og ungenynorsk. Forlaget ynskjer å gje  ut bøker som engasjerer. Det kan vere bøker om viktige tema, bøker om rare greier, spanande ting eller reinspikka tull og fanteri. Uansett har vi fokus på den gode historia. Den som gir leselyst og leseglede.  

I tillegg til den gode historia, har Knasteriet fokus på berekraft. Elin har alltid vore oppteken av natur og miljøvern, og dette vil påvirke korleis bøkene blir til. Vi ynskjer oss ikkje berre kortreiste historier, som "Sofia og Trollet" frå Sykkylven, men også kortreist produksjon. For å unngå at store lastebilar durar heile vegen frå eit lavkostland i Europa, nyttar vi heller eit lokalt trykkeri. Handlenetta du får kjøpt i nettbutikken er Fairtrade og GOTS merka. Bøkene er sjølvsagt trykte på miljøvennleg papir, og vi jobbar for at kvaliteten skal vere så bra at dei varer like lenge som nokon vil lese. Bokslepp og andre tilstellingar har vi lokalt, og vi håper at sjølv om ikkje Knasteriet har så mykje aktivitet enda, vil det ha positive ringverknadar på andre lokale aktørar, og vere ei aldri så lita motkraft til sentralisering av alt som er moro!

Har du ei god historie? Ta kontakt med Knasteriet

Nyhende frå Knasteriet

Knasteriet Forlag

Om Knasteriet

Kontakt

Kontaktskjema

hei@knasteriet.no

(+47) 996 45 319