Arne O. Storås

Gløymde fotefar og andre dikt av Arne O. Storås

Arne O. Storås (1908-2002) vart fødd i vakre kår i bygda Eidsdal på Sunnmøre. Han hadde ein enkel oppvekst på garden Stølen.

I heile oppveksten var Arne prega av lese- og skrivevanskar. Han blei fortalt at skriving ikkje var noko for han. Den rolege og snille mannen blei småbruksbonde og fabrikkarbeidar.

Historia ender ikkje der. Der var noko i Arne som måtte ut, og i ungdomsåra trossa han tidlegare frårådingar frå lærarar, og tok til å skrive. Han skreiv gjerne for ungdomslaget og lokale arrangement, men framførte ikkje tekstane sine sjølv. Det måtte andre gjere for han.

Han fortsette å skrive, og iblant fekk han dikta sine inn i lokalavisene og Sunnmørsposten. Etterkvart som han blei eldre, prøvde han å få utgitt dikta, men svaret var alltid nei. Arne la dikta sine i ei skuffe og tenkte ikkje meir på det.

Arne vart familiemann, bonde og fabrikkarbeidar, men poet i det skjulte.

Han dikta heilt til demensen tok over. Til slutt var det berre namnet sitt han skreiv. Oppatt og oppatt.

Etter Arne sin død var det ein jazzmusikar frå Eidsdal, Ole Jørn Myklebust, som forelska seg i dikta til Arne. Han tonesette sitt første dikt av Arne medan han stod i siloen ein sumar. Eit vart til fleire og resultatet vart viseplata «Gløymde fotefar – viser frå Eidsdal» med tekstar frå Arne. (Vi har lagt inn QR-kode bak i boka, sånn at du lett finn den nydelege musikken hans på Spotify).

Dette inspirerte Eivind Rønneberg, barnebarnet til Arne, til å gå på leiting etter fleire dikt. Og fleire dikt fann dei.

Lenge trudde familien at store delar av diktarskapet til Arne hadde gått tapt, men under vårrydding på familiegarden til Arne fann dei eit skatoll. Vintrane i Eidsdal hadde gjort at skuffene trutna, men denne dagen gav dei etter. Ut kom det vi trur er heile diktarskapet til Arne. Etter dette starta ein enorm digitaliseringsprosess av alle dikta. Ole Jørn gav ut ei ny viseplate, og no har Eivind endeleg oppfylt draumen til Arne; å gje ut dikta i bokform.

Gløymde fotefar og andre dikt av Arne O. Storås er ei livsreise i det som betydde noko for Arne: miljø, kjærleik, natur og, ikkje minst, heimbygda Eidsdal.  


Gløymde fotefar og andre dikt av Arne O. Storås kjøper du her.  

  Jeg har båret med meg disse diktene fra jeg var barn. Storås var både bonde og dikter, og diktene hans skildrer min barndoms natur og kultur på en måte som berører. Jeg har tenkt mye på hvor trist det er at Storås aldri ble utgitt i sin levetid. Diktene holder høy kvalitet, og de har en iboende musikalitet som gjør dem spennende å tonesette.

-Ole Jørn Myklebust (https://www.olejazz.com)