Sten Bjørnar Lamo

"Sofia og Trollet"

Sten Bjørnar jobbar til dagleg med ventilasjon og inneklima, men når kvelden kjem og ungane skal leggast, slepp han fantasien laus og saman diktar han og ungane nattaeventyra sjølve.

Knasteriet har vore så heldige å få gje ut to av desse eventyra. Det første heiter "Sofia og Trollet", og her er det minstejenta Sofia som dreg ut på eventyr saman med pappa for å redde prinsessebamsen. 

"Sofia og Trollet" kjøper du direkte i nettbutikken, eller send ein e-post til elin@knasteriet.no.

Bok på besøk?

Indie-samarbeid

Knasteriet har inngått eit samarbeid med tre andre indie-forfattarar på Sunnmøre som også har laga bildebøker på nynorsk. Vi kan formidle ei eller fleire av bøkene gjennom mellom anna høgtlesing, utstilling, musikk og aktivitetar. Ta kontakt, så finn vi ei løysing som passar for deg!

Sjå www.olla.no for meir informasjon, eller kontakt meg på elin@knasteriet.no.

"Now also available" på framanlandsk

English + Español

"Sofia og Trollet" er oversatt til både spansk og engelsk, og kan bestillast på amazon.com.

Kjempefin gåve til gjestar frå utlandet, eller å ta med om du skal på vitjing sjølv.


Gratis fargeleggingsark

Sofia og Trollet

Fargelegging er ein fin måte å trene blyantgrepet på!

Klikk her for å få gratis fargeleggingsark av Sofia og trollet.

Jatakk, send meg fargeleggingsark!

Meir å fargelegge finn du i nettbutikken.

PS. Vi blir veldig glade om du vil dele resultatet med oss på Instagram og/eller Facebook! Tagg @Knasteriet eller bruk #SofiaOgTrollet #Knasteriet, så deler vi gjerne vidare.

Nyhende frå Knasteriet

Knasteriet Forlag

Om Knasteriet

Kontakt

Kontaktskjema

hei@knasteriet.no

(+47) 996 45 319