Trollete eventyr med fare for gjentakande lesing
Det første ein høyrer etter å ha lest "Sofia og Trollet" er: "Igjen!"... Då er det kanskje ikkje så rart at fleire ungar kan store deler av boka utanåt?
Ei mor med aktive tvillinggutar fortalte at "Sofia og Trollet" var einaste boka ho klarte å lese for gutane medan dei faktisk sat stille.
Dette er boka barna vil høyre igjen og igjen!
Høgtlesing er som tran i bokform (men utan den vonde smaken)
Høgtlesing gir barna meir enn ei koseleg lesestund, her er eit lite utvalg:
- Høgtlesing stimulerer språkutvikling
- Høgtlesing gir betre ordforråd
- Høgtlesing opnar for samtalar og refleksjon
- Barn som blir lest for blir sjølv betre lesarar
- Høgtlesing er med på å øve opp evna til å leve seg inn i andre sin situasjon
Om Sofia og Trollet:
Ei biletbok som egnar seg like godt til høgtlesing som å bla i sjølv. Barna seier ofte at boka er litt skummel, men mest morosam, og dei elskar å gjenfortelje.
Historia er dikta på sengekanten over fleire kveldar, og er
eit resultat av både far og dotter sine bidrag. Ei enkel, men spanande historie sjølv dei mest utolmodige kjem seg gjennom.
Boka passar best for barn i alderen 2-5 år, men
er ypperleg som lesetrening for eldre barn som lærer å lese sjølve. Fonten som er brukt heiter Dyslexie, er spesielt utvikla for dyslektikarar, og skal vere enklare å lese enn andre fontar. Kanskje kan det hjelpe poden å knekke lesekoden?
Tilbakemeldingar:
«Kjempeflott bok om Sofia og trollet. 3-åringen elsker den.»
«Berre så fin ei fortelling og nydeleg illustrert!!»
«Elias har bladd i boka fleire gongar i dag, og eg måtte lese den to gonga på senga. Utrulig fin bok og tydeligvis veldig fengende for små ører!»
ISBN: 978-82-93666-00-4
Forfattar: Sten Bjørnar Lamo
Illustratør: Elin Helland Johansen
Sider: 36
Utgåve: 1. utgåve
Innbinding: Innbundet
Porto: kun kr.49,- uansett ordre.