Høgtlesing er som tran i bokform (men utan den vonde smaken)
Høgtlesing gir barna meir enn ei koseleg lesestund, her er eit lite utvalg:
- Høgtlesing stimulerer språkutvikling
- Høgtlesing gir betre ordforråd
- Høgtlesing opnar for samtalar og refleksjon
- Barn som blir lest for blir sjølv betre lesarar
- Høgtlesing er med på å øve opp evna til å leve seg inn i andre sin situasjon
Spesialpedagog, naturelskar og haventusiast
Ina Giske har alltid elska havet. Det var heilt naturleg at ho skulle skrive ei barnebok om livet og plasten i havet. Ho har bakgrunn som spesialpedagog, har vore lokalpolitikar i fleire år, og engasjert seg i kampen mot marin forsøpling. Alt dette kjem godt med når ein skal skrive om eit sopass vanskeleg tema -attpåtil for eit krevjande publikum!
Målgruppe: 6-10 år (eller alle som er glad i havet)
Barn er ulike. Nokon knekk lesekoden kjapt, andre brukar lenger tid. Nokon elskar å lese, andre vil heller klatre i tre. Barn er like forskjellige som vaksne. Vi har allikevel tenkt at boka skal passe for barn i småskulen, men ho kan sjølvsagt heilt fint lesast av både eldre og yngre. (Eigentleg målgruppe: 0-100år)
Lettlest font
Fonten vi har brukt i boka heiter Dyslexie, og er spesielt utvikla for å gjere lesing og læring litt lettare for dei som har ei eller anna form for skrive- og lesevanskar. I tillegg har vi lagt inn litt ekstra luft i teksten. Dette gjer at boka egnar seg godt til lesetrening, også for dei som finn lesing tungt.
Fargerike illustrasjonar fangar interessa
Børge Sandnes er mannen som har gitt liv til karakterane. Heile boka er illustrert med fargerike illustrasjonar som utfyller teksten på ein fin måte. Miljøet og figurane er det Børge sjølv som har teikna, men plasten er foto av ekte plast som Ina har funne i fjøra. Ho kan mest sannsynleg fortelje historia bak kvar plastbit! Fargane og dei artige figurane gjer historia lettare tilgjengeleg og meir interessant også for dei minste lesarane. Med litt tilrettelegging kan boka fint brukast heilt ned i barnehagealder.
Våte spørsmål og salte fakta
Etter historia er det kanskje mange spørsmål som dukkar opp, eller ein har behov for å snakke om dette store, litt vanskelege temaet. Då er det fint å bla vidare til del 2 i boka. Del 2 inneheld nemleg spørsmål og svar frå boka, noko som vil gjere det lettare å samtale om temaet etter lesing. Vi har også inkludert ein faktadel der ein lærer meir om problematikken rundt plast i naturen, og kva ein kan gjere sjølv.
ISBN: 978-82-93666-01-1
Forfattar: Ina Giske
Illustratør: Børge Sandnes
Sider: 76
Utgåve: 1. utgåve
Innbinding: Hard cover
Porto: kun kr.49,- uansett ordre.