Døra til havet - Tankar i tid

Dikt av Ina Giske

Døra til havet er ei vakker, sår og tankevekkande diktsamling som har vokst ut av ei tøff tid i Ina Giske sitt liv. 

Sikre deg ei denne nydelege diktsamlinga no!




kr 249,00

Berre dagar etter at Ina Giske hadde levert manuset til det som skulle bli "Sjøhesten Hippo og plasten i havet", vart ho angripen av ein hund. Bittet gav henne sopass alvorlege skader at ho har vore plaga av smerter sidan. Ho utvikla etter kvart CRPS (Komplekst Regionalt Smertesyndrom), og må leve med skadene resten av livet.

Samtidig som ho står midt i dette, blir dottera hennar sjuk, og må gjennomgå ein stor operasjon.

Ina klarer å snu motgang til medgang, og ut frå det vanskelege veks det etter kvart eit dikt til dottera. Så kjem det fleire dikt, og dikta blir ei heil samling.

"Døra til havet - tankar i tid" er ei vakker, sår og tankevekkande diktsamling som famnar dei ulike fasettane i livet.

Dikt du vil kjenne deg igjen i.

  

Tilbakemeldingar frå lesarar:

"Diktboka di er så nydelig, Ina! Grått flere ganger fordi dikta dike treffer meg så i hjertet."

"Kjære Ina, gratulerer med ei virkelig flott diktsamling! Jeg beundrer ditt pågangsmot og din evinnelige styrke til å stå i tøffe tider for deg og dine. Takk for at du deler dine tanker i tid, og hjelper oss andre til å forstå, og sette ord på følelser. Slik som «Oppned-dager»."



ISBN: 978-82-93666-09-7

Forfattar: Ina Giske

Sider: 78

Utgåve: 1. utgåve

Innbinding: Hard cover


Nb! Om du ønsker ei spesiell helsing frå forfattaren, kan du skrive det under "Tilleggsinformasjon" (siste sida når du bestiller i nettbutikken).