Ei trutna skrivebordsskuffe skulle vise seg å
skjule ein skatt. Ein skatt med personlege, såre
og nære tekstar, alle saman sirleg nedskrivne av
Arne O. Storås.
Arne O. Storås (1908-2002) frå Eidsdal var
gardbrukar heile sitt liv, men poet i hjartet.
Fleire år etter at Arne var gått bort, dukka
dikta hans opp under ei vårreingjering på
garden.
I denne samlinga finn du eit utval av
dikta familien fann denne vårdagen i Eidsdal.
Mjukt omslag med nostalgisk bilete av stølen.