Knasteriet 

Eit berekraftig mikroforlag

Gløymde fotefar

og andre dikt av Arne O. Storås

Ei trutna skrivebordsskuffe skulle vise seg å skjule ein skatt. Ein skatt med personlege, såre og nære tekstar, alle saman sirleg nedskrivne av Arne O. Storås. 

Arne O. Storås (1908-2002) frå Eidsdal var gardbrukar heile sitt liv, men poet i hjartet. Fleire år etter at Arne var gått bort, dukka dikta hans opp under ei vårreingjering på garden. 

I denne samlinga finn du eit utval av dikta familien fann denne vårdagen i Eidsdal.


Sjøhesten Hippo og plasten i havet

Spenning, dramatikk og miljøvern hand i hand

Bli med på ei eventyrleg reise under vatn! 

Livet i havet er magisk, mystisk, heilt fantastisk, og kan trollbinde både liten og stor. Diverre er det noko som truar havet og dei som bur der: Plast og anna søppel.

I boka "Sjøhesten Hippo og plasten i havet" møter vi sjøhesten Hippo som blir kasta ut på ei skummel, men også lærerik ferd i havet. Dette er ei historie om samarbeid og vennskap på tvers av art, men mest om utfordringane plasten i havet skapar for dei som bur der. 


Faktadelen bak i boka går djupare inn på problema knytt til plasten i havet, og kva ein kan gjere sjølv.


Ei bok for alle som er glad i havet.


Forfattar: Ina Giske

Illustratør: Børge Sandnes


Sofia og Trollet

Ekte sunnmørsk eventyr!

"Sofia og Trollet" er ei litt skummel, men mest morosam eventyrbok om modige Sofia som må redde prinsessebamsen sin frå trollet i Aurdalsnibba. Historia er lettlest og passe kort, og trollet byr på ymse krumspring til stor fryd for dei små. Sjølv dei som ikkje greier sete stille særleg lenge vil ha glede av denne trollete historia. 2-5 år. 

Forfatta av Sten Bjørnar Lamo frå Sykkylven, og illustrert av Elin Helland Johansen. 


Hekle Hippo-bamse

Gratis hekleoppskrift

Sjølvaste Marit Karlsen Skjong (betre kjend som "maritparit" i sosiale media) har designa den flotte Hippo-bamsen vår. Han er med Ina overalt, og vart raskt populær både blant store og små. 

No kan du lage din heilt eigen sjøhest, oppskrifta får du her.

Kan du ikkje hekle, seier du? No worries! Det kunne ikkje Marit heller, ho lærte det på YouTube! Det er dessutan kjempebra hjernetrim å lære seg noko nytt, så her er det inga unnskyldning...


Ja, eg vil hekle Hippo!

Lukke til!


Gratis fargeleggingsark

No også Sjøhesten Hippo!

Fargelegging er tipp topp for å trene blyantgrepet, og er ein fin aktivitet dei aller fleste barn likar. No kan du laste ned fargeleggingsark av både Sofia, Trollet og Sjøhesten Hippo.

Ja, send meg fargeleggingsark!

Meir å fargelegge finn du i nettbutikken.


PS. Vi blir veldig glade om du vil dele resultatet med oss på Instagram og/eller Facebook! Tagg @Knasteriet og @Sjohesten_Hippo, så deler vi gjerne vidare.

Lyst å gi ut bok?

Ta kontakt med Knasteriet

Knasteriet Forlag

Halvardsrema 17, 6052 Giske

(+47) 996 45 319

hei@knasteriet.no

Nyhende frå Knasteriet

Knasteriet Forlag

Om Knasteriet

Kontakt

Kontaktskjema

hei@knasteriet.no

(+47) 996 45 319